Embilink
Embilink-systemet er eit heilskapleg system som går frå sensor, via målestasjon og til webløysing.
Saumlaus integrasjon av utstyr, folk og prosess kallar me “Embilinking”.
Sensorar & Hardware
Me leverer sensorikk og hardware frå solide aktørar som WAGO, Xylem (Aanderaa, MJK, mf.l), Sentec, Endress+Hauser, Thelma Biotel, m.fl.
Systemet er lett å tilpassa og skaléra etter dine ønskje, og er enkelt å installera.
Målestasjon
Målestasjonen er bygd for å ta imot miljødata frå oppdrettsmerdar og senda denne ut i skya. Elektronikken kan samla data frå mange forskjellige sensorar frå ulike leverandørar. Målestasjonen kan kommunisera trådlaust på Wifi, mobilnettet, gjennom nettverkskabel eller på ei fiberoptisk linje til serveren, som lagrar målingane i ein database.
Både elektronikk og innkapsling er laga for å stå i eit røft maritimt miljø.
Presentasjon
Me kan presentera dine sanntidsdata og historiske data på mange ulike måtar. Enten gjennom opne løysingar eller skreddersydd programvare. Vårt mål er at du skal få ei god brukaroppleving, og lett tilgang på din informasjon.
Målingane dine kan ligga på eigen infrastruktur, eller me kan ta oss av lagring og drift av server.
Tryggleiken for dine data er ivareteken gjennom kryptering og sikkerheitssertifikat.
EMBILINK LAB
For spesielle kortsiktige målebehov
Kva er situasjonen i merd 2? Sett opp Embilink Lab og sjekk!
Embilink Lab er eit portabelt system som gjer at du kan ta målingar der det er behov.
Systemet har muligheit for batteridrift, det har innebygd trådlaust nett, og du kan kopla til mange ulike sensorar, GPS, og utstyr som gir relevant og nyttig informasjon.
Embilink WiSi
Embicon utviklar eit trådlaust sensor-grensesnitt som skal forenkla midlertidige installasjonar. Det betyr at ekstra målingar kan utførast i merdar som har Embilink, utan fysisk kopling i skap. Embilink WiSi har innbygd oppladbart batteri som forsyner sensoren, og kommuniserer trådlaust med målestasjonen. Forskjellige sensor-typar kan koplast til Embilink WiSi.