Nokre av våre leveransar

Her finn du nokre av dei siste års leveransar frå Embicon.

Miljøstasjon for akvakultur

Levert til mellom anna Mowi, Lingalaks, Eide Fjordbruk, Bremnes Seashore, Tubilah og Akva Group.
Målestasjonane overvaker viktig informasjon som påverkar fiskevelferd, mellom anna oksygennivå, temperatur, salinitet, nivå, sjøstraum, pumper, vêrstasjon, dødfiskopptak og slamhandtering.

FULL OVERSIKT

Livedata og historiske målingar frå målestasjonen blir sendt til ein server som presenterer dette grafisk – til dømes slik som under. Sjekk vår demoside for eit eksempel. 

Systemovervaking & -styring

Levert til mellom anna Lerøy, Mowi, Oslo Havn, Nogva Motorfabrikk, Tubilah,  Grovfjord mekaniske verksted.

Embilink-systemet overvaker og styrer mellom anna motorinstrumentering i arbeidsbåtar, generatorar på oppdrettsanlegg, oksygenpumper, fôringsautomatar, dødfiskopptak og slamhandtering.

Driftsansvarleg har tilgang til driftsdata frå fleire arbeidsbåtar, lokalitetar eller avdelingar i same system.  I dashbordet kan han lesa ut både no-verdiar og historiske målingar, og bli varsla  ved kritiske måleverdiar.

 Pelikan II

Visste du at verdas første el-miljøbåt – Pelikan 2 – har Embilink? Den seglar rundt i hamnebassenget i Oslo og samlar inn flytande søppel. Les gjerne meir på Oslo havn sine sider

Skjermdump frå Pelikan II , vist med løyve frå Oslo Havn. 

 Kvitvær

Levert Embilink-overvaking som les data frå Nogva sin motorcomputer på MS Kvitvær, og der det blir lagra og presentert i kunden si skyløysing.

Skjermdump frå  MS Kvitvær , vist med løyve frå Lerøy Aurora.