Teknologi

Me utviklar løysingane våre i tett samarbeid med deg som kunde.

Integrasjon

Me har lang erfaring innan forskjellige buss-system, og kan knyta mange forskjellige instrumentbussar og grensesnitt til Embilink-systemet. Til dømes Modbus, CAN-bus, 4-20 mA og digital I/O. Mange av grensesnitta vert ivaretatt av PLS-modular som koblast til systemet etter behov.

Me brukar elektronikk som er laga for maritim bruk. Systemet er modulbasert og kan byggast ut med inngangs- og utgangskort etter behov. Det er også mogleg å legga inn styrefunksjonar, sidan hovudmodulen baserer seg på PLS-teknologi. Denne modulære «byggekloss»-oppbygginga gjer Embilink eigna til mange ulike måle- og styreformål.

Tett på hardware – Tett på software

Me jobbar med både sensorikk og utvikling av programvareløysingar. Ved å vera tett på begge fagområda får me til å laga trygge og brukarvennlege system som gjev deg informasjonen du treng.

Fleksibelt, slik at det passar Ditt system

Skal me kopla oss opp på din eksisterande infrastruktur, eller skal me kopla oss opp med 4G? Vil du ha eigen oppfølging av datalagring og server, eller skal me ta oss av det? Ønskjer du andre systemintegrasjonar? Vårt system er fleksibelt og skalerbart, og er for mange ein viktig grunn til å velja Embilink.

Miksing av data

Embilink kan integrerast med forskjellige datasystem.  Ein viktig del av Embilink er vårt API der kunden får tilgong på “skreddersydde” data. Desse kan så integrerast i andre web-baserte verktøy.  

Det mogleg å henta inn data frå eksterne kjelder som til dømes yr.no, barentswatch, marinetraffic, mv. Det kan gje eit betre totalbilde.

alt som kan målast kan “embilinkast”

Me kan Embilinka det meste. Så lenge utstyret kan senda data gjennom opne protokollar, så kan me styra dataflyten slik at alt vert samla i same system. 

Ta kontakt med oss – så ser me korleis me kan løysa dine ønskje og behov.